Solidaritetsdag i Øklandstunet
28 AUG
14.00
4t 0m
Me inviterer til solidaritetsdagen i Øklandstunet på søndag 28. august kl. 14-18. Det blir eit kjekt familiearrangement med familieaktivitetar, sal av bøker, gevinstar, konsert, appellar, opplesning, kveding, utstilling, teater, mat frå Ukraina og Palestina og generelt GOD STEMNING!
Billettar: Vaksne Kr 200, barn Kr 50 (vipps, kontant, kort)
All inntekt denne dagen går til Norsk Folkehjelp der me fordeler pengene likt slik at pengene går til minerydding i Ukraina og humatiær hjelp i Palestina
Det er også mulig å vise solidaritet og støtte arrangementet sjølv om ein ikkje kan delta personlig med å vippse, alle hjelp teller.
Det er viktig at Noreg har fokus på å hjelpe Ukraina nå, men det kan det kjennast som om flyktningar i andre land blir gløymde. Me vil gjerne at folk skal bli litt meir bevisste, få kunnskap om situasjonen, og få høve til å hjelpe.
Vel, det er mange grunnar til eit slikt arrangement, og me er fleire som er personleg engasjerte. Me ynskjer å stå saman og utrette noko positivt. La oss kjenna oss heldige som er frie, som kan le, smila og føla oss trygge saman!
Einar Økland stiller ut og fortel om originale skrifter utgitt av norske flyktningar under krigen frå 1940 til 1945. Dette blir ein mini-event før sjølve hovudarrangementet med eigen inngongsbillett. NB! Begrensa antal! Startar kl.13.00
Arrangementet er eit samarbeid mellom Valestrand Bygdalag, teARTig, Øklandstunet og Norsk Folkehjelp Sunnhordland.
VIKTIG: Parkering på Idrettsplassen og langs vegen.
- RUSLETURAR 2022
- Rusletur Isdal–Dale