Omnsmuseum og klyngjetun 2004
Rusletur til omnsmuseet og klyngjetunet på Nordhuglo 19. sept. 04
Sundag 19. september ( 10.30 – 15.55) vart det skipa til ein hausttur til omns-museet til John Bruntveit . Han sjølv viste rundt og kona Eline Bruntveit orienterte og fortalde om samlinga og sytte for servering. Sogelaget betalte inngangspengar og servering for medlemmene.
Anstein Lohndal gav ein presentasjon av Grønhaug og klyngjetunet på Nordhuglo og skreiv dessutan ein førehandsomtale i avisa Sunnhordland. Arne Sortland hadde ansvaret for denne tilskipinga.
Om lag 35 deltakarar
- Sorenskrivargarden og fengselet 2004
- Årsmelding 2004