Stord Sogelag

Meny

Innmeldingsskjema

 

Ynskjer du å verta medlem i laget vårt?

Gjennom allment lokalhistorisk arbeid med skriftlege og munnlege kjelder og ved tilskipingar av ymse slag skal laget ha til mål å skapa interesse for den lokale historia og stimulera medlemene til å ta opp arbeid med lokalhistoriske emne. Laget skal også arbeida for vern av materielle kulturminne, og leggja vekt på innsamling av munnlege tradisjonar, arbeidarminne og arbeidslivshistorie.

Laget har ulike arrangement som du kan vera med på. Møte, rusleturar, medlemstur, minneinnsamling m.m. Laget gjev kvart år ut Årsskrift med historisk stoff frå Stord.

Kontingenten er kr 250 for enkeltmedlemmer 300 kr for familiar og  400 kr for institusjonsmedlemmer

Vel møtt som medlem!

 

Du kan melda deg inn  i Stord sogelag ved å send e-brev til Peggy Husevik Bærøy. Hugs følgjande opplysningar: Namn, adresse med postnummer, telefon og e-postadresse og dato.

Eller du kan fylla ut blanketten nedanfor og senda han til  kasserar i sogelaget, Peggy Husevik Bærøy, adresse: Kappelen 12, 5410 Sagvåg

Trykk ut

og klipp av: ———————————————————————————————

 

Namn _______________________ Adresse ________________________

Postnr. _______________________ Telefon ________________________

E – post adr. _______________________

Dato ________________

___________________________
Underskrift