Stord Sogelag

Meny

Årsmøtet 2007: Digitale databasar

Digitale databasar 2007
Marianne Herfindal Johannessen gav oss ei flott innføring i bruk av digitale databasar knytt til Statsarkivet.

REFERAT

Årsmøte i Stord sogelag 22.02. 2007

Folkebiblioteket, Stord kulturhus/Møtesalen til bladet Sunnhprdland

24 frammøtte

Val av møteleiar: Jakob Gullberg

Val av referent: Bjørn Bjørlykke

 

Sak 1: Årsmelding

Årsmeldinga vart lagt fram av Bjørn Bjørlykke. Det var ingen merknader, og årsmeldinga vart godkjent samrøystes.

Sak 2: Rekneskap

Revidert rekneskap vart lagt fram av Arne Sortland. Det var ingen merknader, og rekneskapen vart godkjent samrøystes.

Sak 3: Val

Harald Kvarme la på vegner av valnemnda fram følgjande framlegg til ny leiar, nye medlemer i styret og revisor. Vala var samrøystes:

 

Leiar:                        Lars Mæland                                    Valt for 1 år

 

Styremedlem:            Peggy Bærøy                                    Har eitt år att

Nils Tore Gram Økland            Har eitt år att

 

Varamedlem:            Paula Skram Larsen                        Valt for 1 år

Jens Litlabø                                    Valt for 1 år

 

I styret for 2006 sit då elles:

 

Arne Sortland                                    Attvald for 2 år

Bjørn Bjørlykke                        Attvald for 2 år

 

Revisor:            Odd Stuve Rommetveit            Valt for 1 år

 

Valnemnd:            Lilly Skaar                                    1 år att i valnemnda

Bjørnar Withbro                         2 år att i valnemnda

Jon Kyvik            (ny)                        3 år att i valnemnda

 

Sak 4: Framlegg til årsmøtet

Det var ingen nye framlegg frå styret eller innmeldt til styret. Årspengar for medlemer vert som tidlegare:

Medlem            175

Familie            225

Institusjon            275

 

 

Framlegg på styremøtet:

Jon Kyvik:

  • Styret må arbeida vidare med å sikra at Prestavegen over Golfbanen og i Medalen vert farbar for turgåarar i samsvar med føresetnadene.
  • I samband med bygging av fortog langs fylkesvegen frå høgskulen til Førlandskrysset må Paters kvile vernast mot skade. Kvilestaden må også vera lett tilgjengeleg.

Birber Sætrevik

  • Medlemssamlinga på Lundarstøl og museumsmøtet om krigen er gode tiltak. Der bør skipast til fleire slike arrangement.

Anstein Lohndal

  • Ny skrivetevling med temaet i manns minne  mynta på folk fødde i 1930-åra. Slikt minnestoff kan verta verdfullt kjeldemateriale. Bør få plass i utvida årsskrift.
  • Etter mønster frå Etne bør det hentast fram stoff frå Statsarkivet om føderådskontraktar og husmannskontraktar.  Ber om å bruka sogelaget

sine midlar til å hyra folk på statsarkivet  til dette.

Bjørnar Withbro:

  • Framlegg om kursrekkje  om lokalhistorie i regi av Anstein Lohndal

Odd Stuve Rommetveit:

  • Minte om hundreårsjubileet for  opninga av vegen mellom Fitjar og Stord  1910-210, altså om tre år.

Karvel Strømme

  • I Island får alle nyfødde passord til digitalversjonen av Islendingabok i skipnaden ’erfdgireini’ . Målet er å styrkja  slektssrøtene. Noko liknande i Noreg?

Arne Sortland:

  • Bør slå eit slag for å auka medlemsstalet. Marianne Herfindal Johaannessen at ein funksjonell nettstad for sogelaget kan vekkja større inteeresse for sogelaget.  Enkle og lett  tilgjengelege meldingar og opplysningar  kan fengja. Ho synte til røynsler frå Åsane.

 Lars Mæland  gjorde det klart at skrivetevlinga om den nære historia for stordungdom er i sett i gang.

Etter årssmøtet vart det servert kaffi og snittar som Peggy sytte for.  Servaren til Stord kommune var ute av drift denne kvelden,  så etter måltidet pakka me saman og flytta oss opp i  møtelokalet  til bladet Sunnhordland  der  Marianne Herfindal Johannessen  gav oss ei flott innføring i bruk av digitale databasar knytt til Statsarkivet.

bb