Årsmøte i Stord sogelag 2014
Avisomtale av årsmøtet:
Stord Sogelag har lagt seg til velsmakande årsmøtevanar for både hovud og kropp. 2014-møtet var ope for alle og igjen lagt til dekka langbord i Biblioteket i Kulturhuset. Her ønskte leiaren Lars Mæland vel møtt med informasjon om god interesse for arbeidet laget driv, og dermed også god oppslutnad til historiske møte og rusleturar i nærmiljøet. Sogeskriftet som kjem i handel seinhaustes, vart i fjor så godt som utseld og i år vil ein sterkt vurdera å auka opplaget til 600 eks. Eit eksemplar av det populære skriftet er inkludert i medlemspengane på 250 kroner, ( i utsal 150). – Så det er berre å skriva seg som medlem, aggeterte Mæland.
I fjor gjorde årsmøtet vedtak om å opna for medlemer også frå Fitjar, sidan sogelaget har same namnet som heile øya. Fitjarbuen «svarte» med å blåsa nytt liv i sitt eige sogelag, og gje ut sitt eige sogeskrift. I mai legg Stord Sogelaga den vårlege og informative spaserturen til Osternes og festningen der. 11. mars vil det bli eit større sammøte med Sunnhordland museum der grunnlovsjubileet blir tema.
Årsmøtet var så påspandert snittar og kaffi og godt høve til prat, før Brynjar Stautland kom med eine fakta meir imponerande enn det andre kring Steinriket Bømlo. I tusenvis av år har kommunen i vest sendt frå seg stein av ulikt slag til ulike verkty, våpen og byggjeføremål i inn- og utland. Det kanskje mest imponerande nyhendet vart utsegna om at koparen på Fridomsgudinna i New York like gjerne kan koma frå Bømlo som frå Karmøy.
Det vart atteval på Lars Mæland som leiar, med seg i styret har han Nils Tore Gram Økland og Atle Bjørn Mæhle, kasserar Peggy Husevik Bærøy og skrivar Turid Tresselt Melheim.
Nokre foto frå tilkskipinga
Sjå den interessante nettstaden: Steinriketbomlo.no