Årsmelding 2005
STORD SOGELAG
Styret 2005
Leiar: Jens Litlabø
Nestleiar: Peggy H. Bærøy
Styremedl: Nils Tore Økland
Kasserar: Arne Sortland
Skrivar: Bjørn Bjørlykke
Varamedlem: Paula Skram Larsen
Varamedlem: Per Ivar Tautra
Revisor: Odd Stuve Rommetveit
Valnemnd:
Svein Koppang (leiar)
Harald Kvarme
Lilly Skaar
Medlemstal: Ved årsskiftet 2005-2006 hadde Stord sogelag
106 personlege medlemmer
6 institusjonsmedlemmer
Lagsaktivitet 2005
Styremøte
Det har vore 4 styremøte: 1.2. 05 (Borg), 7.4 (Tveita Nordre), 25.8. (Borg) , 8.12. (Borg). Det siste styremøtet var kombinert med dugnad i samband med utsending av årsskrift.
Tilskipingar 2005
Årsmøte 17.2. 05
Etter årsmøtet og matøkta kåserte Nils Tore Gram Økland og Bjørn Bjørlykke om segnomspunne prestar i Fonnaland med utgangspunt i segnsamlinga for dette området.
Det var rundt 30 deltakarar på årsmøtet
Temakveld om fotografane på Stord 8.2.05
Tore Lande Moe fortalde om fotografar på Stord, og Solveig Greve førelas om det tidlege fotografiet i Noreg. Museet sytte for lysing og mat mot å få inngangspengane. Fullsett festsal på Museet. Sogelaget betalte honorar og reise for Solveig Greve.
Seminar om band 1 av den nye lokalsoga for Stord 15.3.05.
Dette tiltaket var i samarbeid med Stord kommune og vart halde i kommunestyresalen.
Det var 20-30 deltakarar på tilskipinga.
Rusletur i Kårevik 12. mai kl. 18.00
Jakob Gullberg leidde ein rusletur og fortalde om Sæbø gard, Krenkjelsneset, leidangstufta, og Skrivargarden. Overlege Stray var gjestfri og let oss kome inn i hageanlegget på Krenkjelsneset. Godt frammøte på over hundre personar.
Markering av kulturminnedagen ”Frå sleggje til mus” på Aker Stord Industrimuseum.
Sundag 11.september kl. 15.00 – 18.00, Aker Stord Industrimuseum. Jens Litlabø representerte Stord sogelag på denne tilskipinga.
Huskonsert på Tveita Nordre.
Jan Owerveg spelte på orgelet til gamle Heiberg Andersen og fortalde om utvikling og produksjon av trø-ørgel. Jens orienterte om tunet på Tveita. Johanne Øvstebø Tvedten fortalde prestehistorier. og presteeventyr.
Årskriftet 2005
Årskriftet har også i år hatt eige skriftstyre: Bjørn Bjørlykke, Anstein Lohndal og Magne Misje. Dei har skaffa fram nyskrive stoff og har sytt for å få bladet trykt i 200 eksemplar. Det vart sendt medlemene og lagt ut for sal hos bokhandlarane som får 20 % provisjon. Utsalsprisen er også i år kr. 100. Tilskot frå Stord kommune, annonseinntekter og sal gjer at inntektene dekkjer produksjonskostnadene.
Årsskriftet 2004 har desse artiklane:
Alf Mathisen: Småglytt frå Stord 1860-1870 åra
Anstein Lohndal: Stord 1905
Asbjørn Aasheim: I skuggen av storkrigen
Birger Sætervik: Nordbygdi Skyttarlag
Harald Kvarme: Ungdomsshallen på Leirvik
- Tveita Nordre 2005
- Om Hystadmarkjo 2006