Årsmelding 2007
STORD SOGELAG
Styret 2007
Leiar: Lars Mæland
Nestleiar: Peggy H. Bærøy
Styremedl: Nils Tore Gram Økland
Kasserar: Arne Sortland
Skrivar: Bjørn Bjørlykke
Varamedlemmer:
Jens Litlabø
Paula Skram Larsen
Revisor: Odd Stuve Rommetveit
Valnemnd:
Lilly Skaar
Bjørnar Withbro
Jon Kyvik
Medlemstal
Ved årsskiftet 2005-2006 hadde Stord sogelag 109 personlege medlemmer og
6 institusjonsmedlemmer.
Lagsaktivitet 2007
Styremøte
Det har vore 3 styremøte: 22.2. 07 (Sunnhordland, Borggata 15), 3.5.07 (Sunnhordland, Borggata 15), 18.10.07 (Sunnhordland, Borggata 15) .
Dessutan var det dugnadskveld 14???.12.07 i samband med utsending av årsskrift (Sunnhordland, Borggata 15).
Tilskipingar 2007
Årsmøte, 23.2. 07 kl. 19.30
Etter årssmøtet vart det servert kaffi og snittar. Servaren til Stord kommune var ute av drift denne kvelden, så etter måltidet pakka me saman og flytta oss opp i møtelokalet til bladet Sunnhordland der Marianne Herfindal Johannessen gav oss ei flott innføring i bruk av digitale databasar knytt til Statsarkivet.
Museumsmøte om krigshistorie, 12.2.07 kl 19.00
Lars Arholm og Anton Bårholm fortalde i samtale med Lars Rimmereid om sine opplevingar som krigssiglarar under krigen. Det var ei levande og spennande framstilling med tittelen “Etter eksplosjonen og røyken blei havet flatt” . Det var sett opp ei utstilling av gjenstandar frå krigen. Det var fullsett museumssal med om lag 80 frammøtte.
Jernbane på Stord, 24.05.07 kl. 18.00
Rusletur langs banevegen frå Sagvåg til Litlabø med omvising i gruvene der Per Ivar Tautra greidde ut om historia til den elektriske jernbanen, og Olav Hellesfjord fortalde om det pågåande dugnadsarbeidet, og om lokomotiv og vogner som snart kan køyra på nylagde skinner. Om Lag 50 personar var md på denne tilskipinga.
Rusletur i seminariehagen, 2.6.07 kl. 11.00
Åsane historielag vitja laurdag 2. juni seminariehagen på Rommetveit. Nils Tore Gram Økland tok seg av omvisning og fortalde om utviklinga av det særprega kulturminnet. Medlemmer i Stord sogelag var med på denne rusleturen som også hadde god førehandsomtale i bladert Sunnhordland. Gjestene frå Åsane drog vidare til Brandasund.
Medlemskveld på Maritimt museum, 15.11.07 kl. 19.00
Gunnar Oma fortalde om Oma skipsbyggeri og om overgangen frå segl til motor. Magne Gravdal orienterte om motormuseet med vekt på nokre verdifulle motorar i samlinga. Tilskipinga var ein medlemskveld med gratis servering med reker og krabbe. Lars Mæland sende innbyding og ordna med mat og drikke. Om laag 40 medlemmer var med på samlinga.
Peder Kannelønning, foredrag og utstilling, 11.2. 07 kl. 19.00
Arrangementet vart halde i museumshallen, og det var amatørmålaren Peder Kannelønning (1877 – 1973) som stod i sentrum denne kvelden. Kunstnaren vart presentert gjennom ei utstilling av om lag 45 maleri og teikningar. Private eigarar hadde velviljug lånt ut bilda sine, og utstillinga vart ståande på museet ut februar månad. Tore Lande Moe innleia med ’Kunstnarar i Sunnhordland’. Jan Vidar Kannelønning fortalte om ’Livskunstnaren Peder Kannelønning’, og Ragnhild Vavik heldt eit foredrag om ’Målaren Peder Kannelønning’ der ho kommenterte representative bilde og sette kunsten hans inn i ein større samanheng.
Nils Tore Gram Økland, Jens Litlabø og Jan Vidar kannelønning stod saman med Tore L. Moe frå Sunnhordland museum for arrangementet. Om lag 80 personar møtter fram.
Representasjonar:
Nils Tore Gram Økland har site i valnemnda for Hordaland sogelag i tre år, i 2007 som leiar, og går no ut av nemnda.
Årskriftet 2007
Årskriftet har også i år hatt eige skriftstyre: Bjørn Bjørlykke, Anstein Lohndal og Magne Misje. Dei har skaffa fram mykje nytt stoff og har sytt for å få bladet trykt i 300 eksemplar. Det vart sendt til medlemene og lagt ut for sal hos bokhandlarane som får 20 % provisjon. Utsalsprisen er også i år kr. 100. Tilskot frå Stord kommune, annonseinntekter og sal gjer at inntektene dekkjer produksjonskostnadene.
Årsskriftet 2007 har desse artiklane:
Anstein Lohndal: Litt om prestar og kyrkjelege tilhøve 1834 – 1905
Asbjørn Aasheim: Draumen om eit betre tilvære – Glytt or utvandringssogaa til Stord, den fyrste perioden 1855 – 75
Marta Tyse: Else Marie Riiber
Alf Mathisen: 1907 – eit merkeår i Stord-soga. ”Den nye arbeidsdagen i lokalt perspektiv.
Ivar Føyno: Minne om ei tid som var,
Birger Sætrevik: Oppvekstår på Furuly helseheim.
Harald Haugen: Glimt frå idrettslivet på Stord i førre hundreåret.
- Maritimt museum 2007
- Årsmøtet 2008: Utvandringa frå Huglo til Amerika