Stord Sogelag

Meny

STORD 1

Invitasjon frå Stiftelsen d/s Stord 1

Kom og ver med på ei historisk reise!

Stiftelsen D/S Stord I har ei prosjektgruppe som arbeider med å utvikla eit formidlingskonsept for dei historiske rutebåtane/fjordabåtane med D/S Stord I som pilot. Det vil seia at idear og tiltak som gruppa kjem opp med, skal først prøvast ut om bord i D/S Stord I.

For å gi ei forståing av kva formidlingskonseptet dreiar seg om, er her nokre sitat frå prosjektgruppa sitt arbeidsdokument:

«Mål:

Å presentere og formidle en viktig del av vår nasjonale historie, ved:

  • formidling av sjølve skipet
  • rutefart og kommunikasjon, skiftande tider (frå sjø til land)
  • reisemåte og samfunnsutvikling (rutetider, tidsbruk, klasseskilje)

.                  forankre fartøyvernet sentralt i formidling av historia med omsyn til teknologi, samfunnsutvikling og lokalhistorie

Plassere skipet i kulturlandskapet i høve til stoggestader, ferdselsvegar, samkvem, næringsutvikling og kultur. Synleggjere skipet i kulturformidlinga.»

…………..

Ulike former for presentasjonar:

……………

Legge opp eigne turar med tema knytt til skipet og lokalhistoria.

Slike turar kunne blir lagt opp i samarbeid med t d sogelag, lokale kystlag, Skipet og andre. Det er og eit høve til å bygge relasjonar til museer, kulturkontor, lokale politikarar og samstundes til synleggjering av båten i vidare kulturformidling.

 

Opplegg for ungdom/skuleklassar er og mogeleg, men kanskje meir knytt til ungdomstrinnet og samfunnsfag/historie, eller vidaregåande skule i teknologi og samfunnsfag.

………………..

Bruksplan og nettverksbygging

Når båten no er ferdig restaurert og driftsklar er det truleg lagt ein driftsplan for dei neste åra.

I en slik bruksplan kunne ein óg vurdere å få til større ”eigarskap” til båten gjennom samarbeid med sogelag, kulturkontor, maritime lag osv om bruk/turar med breiare lokalhistorisk innhald, som nemnt over.

Ein må vere førebudd på at slik nettverkbygging kan ta tid og kanskje bli noko personavhengig. Likevel er det et høve til å gi skipet større aktualitet og fartøyvernet betre legitimitet i distriktet, hjå historielag, kommunar og folk flest.

Båten skal ut og gjere en jobb i kulturformidling, historieforteljing og folkeopplysing. Dette bør vi vere med på.»

Hordaland fylkeskommune stør formidlingsprosjektet økonomisk og ved å laga informasjonsplakatar etter standard mal for kulturminne.

…………………

HISTORISK TUR I SUNNHORDLAND MED D/S STORD I

Me veit at sogelaga i sine årbøker har artiklar om samferdsle gjennom tidene og også eigne artiklar om rutebåtane/fjordabåtane. Og sikkert er det mage medlemmer i sogelaga som har kunnskap som kunne vore formidla skriftleg og munnleg til interesserte personar og grupper.

Det ville vore svært interessant om sogelaga sine medlemmer under tur med D/S Stord I hadde formidla rutebåtsoger for passasjerane og mannskap om bord. Slike soger ville også vore til god nytte for prosjektgruppa som arbeider med formidlingskonseptet.

Ein del av prosjektgruppa sine formidlingstiltak vil vera på plass om bord i D/S Stord I til sesongstart i mai 2017 . Det ville vera fint om resursgrupper som sogelaga gav tilbakemelding på desse og gav innspel til vidareutvikling.

Stiftelsen kan tenkja seg å arrangera ein tur i Sunnhordland for medlemmer i sogelaga i regionen.

Aktuell turdag torsdag 15. juni 2017.

Ein førebels ruteplan kan sjå slik ut:

Avreise frå Leirvik kl. 09.00

Til Skånevik kl. 11.30, avreise Skånevik kl. 12.00

Til Sunde kl. 14.00, avreise kl. 14.30

Til Leirvik kl. 16.00.

…………….

Me er så frie at me utfordrar Stord sogelag til å vera med på eit opplegg som nemnt ovanfor. Me vil også utfordra andre sogelag i Sunnhordland.

NB! Skissa ovanfor må ikkje sjåast på som ei trong ramme for «ei historisk reise». Me kan tenkja oss dei reisande kler seg i reisebunader frå gamle dagar og har med seg gamaldagse reiserekvisita mm.

Me høyrer gjerne frå dykk med det første.

Stord, 25. november 2016

Med venleg helsing

Harald Kvinge

Styreleiar og dagleg leiar i Stiftelsen D/S Stord I