Bjørn Bjørlykke

Meny

TIDLEGARE RUSLETURAR 2024

MINNEMARKERING PÅ HATLAND :MÅNDAG 27. mai 2024 kl 13.00

Stord sogelag skipar til ei minnemarkering ved minnesteinen på Hatland, heilt i starten på Digernesvegen.Dette skjer ettersom det i desse dagar er 100 år sidan John Hatland vart fødd og 80 år sidan han vart avretta på Trandum ved slutten av siste verdskrig. Det vert fleire innslag i minnemarkeringa. Elevar frå Langeland skule deltar. Det vert kulturelle og musikalske innslag. Minnestunda er open for alle.
Minnesteinen vart avduka i 2002. Ordførar, iniativtakarar, Langeland Skule, Stord sogelag m. fl. var tilstades.

Velkomne!

 

 

RUSLETUR PÅ LANGELAND  28.5.24. 17.30

Sogelaget inviterer til ny rusletur.Tysdag 28. mai kl 17.30møtest interesserte på parkeringsplassen ved Langeland skule.Etter velkomstruslar me bortom tunet til Tor og Ad.   dy Langeland.Derfrå vidare til ruinane etter gamleskulen på Langeland. Steinar og grunnmurar syner tydleg kor den skulen ein gong sto. Strid, då som no, gjorde at den vart flytta. Vigdis D.D vil fortelja. Vidare skal me rusla ned til ein beredskapskjellar. Før mest for poteter og anna reservemat, no kanskje meir ein bustad for tussar og skrømt.

Så tek me snarvegen opp til tunet til Marit ogAndreas Hjartåker.Her vil me på få høyra gards- og driftssoga, om hus i rikt monn, hendingar og kanskje ein anekdote eller to,slik det høver seg på ein rusletur.Garden, vid som har er,hadde rettar også utanom gardsgrensa. Med demning ved utløpet frå Skiphaugsvatnet vart vatnet nytta nedover grannegarden Eldøy, der det var både kvern og sag.Og av alle ting har dei dynamitthus innom gardsgrensene. Og for nokre tiår sidan hadde dei til og med flyplassplanar.

Familiesoga på Langeland har Åsta L. kontroll på. Ho kan fleire slektsledd på rams. ….. slektar ikkje frå Langeland utan grunn……. Det vil garantert bli innslag frå dei deltakande ruslarane.

Som vanleg vert turen avrunda med lett servering og oppsummering på Langelandstunet.

 

 

 

RUSLETUR  PÅ VATNA

Tysdag  14.  mai  kl  17.30  frå parkeringsplassen ved skogsveg,  ovom  brua og svingane.

Stord sogelag  startar årets rusletursesong  med ein tur på Vatna og Øvre Økland.  Gardane der har sjeldan mykje interessant å by på. Desse smakebetane vitnar om det: 

Fyrst ruslar me oppover til tunet på bruk nr 1 på Øvre Økland.  Her vil eigarar,  noverande og førre fortelja frå ei rik soge. Historiske fakta, slekt, driftsmåtar, bygningar, hendingar og anna vil bli fortalt, for det meste av Anders P. 

Nedover gardsvegen vil me få vita meir om dei andre bruka og bygningane der.  Mange hus er gamle, nokre svært gamle, men godt restaurerte. Kunnige Bjørn Arve vil ausa frå sin kunnskap. Grustaket vil få sin omtale.  Veit med kor mykje av grusen vart nytta? Ei spesiell soge. Vidare nedover passerer med Silje sitt nye Kattnakk1-slott. Uthuset i svingen nedanfor.  Kva vart det nytta til?  Steinkvelvingsbrua får sin velfortente omtale.  Det same gjeld Vatnaelva sin påverknad og bruk. Kanskje står det ein hjort i skogkanten medan me ruslar forbi. Vatna-karane som bygde kraftverk for over hundre år sidan får omtale. Vegen, inntaksdammen, røyrgata og demninga ved Ravatnet. Om alt dette,  og meire til,   vert det brei omtale.  

På dei flotte og velstelte bruka på Vatna blir det fleire stopp, med beretningar om slekt, soger, hus og lagnader av ymse slag.   

Avslutninga vert på tunet hos Vigdis, bruk nr 1 med drøs, mimring og kanskje ei skrøne eller to. F. eks. om «den sorte dame». 

Me rettar stor takk til Gunnar Strand.  Han har komponert denne rusleturen med stor iver.   Velkomne  alle  med  sans for soga.